1

Onsdagstreff med Svein Sæter

Svein Sæter lanserer bok på Surnadal kulturhus:

Lysande historie frå krigen

– Dette er den sterkaste historia eg nokon gong har fått skrive, fordi ho viser korleis menneskeverdet kan overvinne bestialiteten.

Det seier Svein Sæter om den nye boka si, «Krig. Mor. Bror» (Samlaget). Svein er ein fredens mann, som stadig vender tilbake til den andre verdskrigen i bøkene sine.

– I historiene frå krigens mareritt finn eg ei nesten naturstridig tru på humanisme. Eg sluttar aldri å undre meg over kva krefter som finst i mennesket når det verkeleg røyner på, seier Svein.

Boka handlar om Ottar Haugland, som i kampen mot nazismen overlever ei sjølvmordspille før han blir sendt til dødsleir og ut på dødsmarsj. Han og kameratane kan berre overleva ved å halde saman. Samtidig skriv mor Gunnhild dagbok heime på Rjukan, i sorg og kamp for sonen.

– Ottars beretning er eit lysande vitnemål frå den mørkaste tida i menneskets historie. Det er dette som løftar kampen hans til ei universell, tidlaus historie, seier Svein Sæter.

Sjølv vart han kjent med historia gjennom tungtvannssabotøren Knut Haugland, bror av Ottar. Samarbeidet med Knut førte til boka «Operatøren». No er begge brørne borte, men historiene deira er ført vidare av ein forfattar frå Stangvika.

Svein vil fortelje den sterke historia om Ottar og Gunhild på «onsdagstreffet» i Surnadal kulturhus 20. november kl. 11.

Billettar til Onsdagstreff med Svein Sæter

  1. Ons 20. nov kl 11:00 Kammerset Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_