Kleivakvelden 2021

Kleivakvelden er sjølve biletet på kva Vårsøghelga står for. Det handlar om tekst og musikk, om velfortjente prisar og vakker natur, om ei heilt spesiell stemning når sola skin i augene til eit feststemt publikum på heimplassen til Hans Hyldbakk – på finaste tomta ovanfor Skei.

Det har vore mange store opplevingar der opp gjennom åra. Og 2021 skal ikkje bli noko dårlegare. Heller tvert om. John Pål og Henning er sjølvsagt der, og med seg i år får dei Anita Skorgan og dottera Sara Skorgan Teigen. Dei to skal synge songar av Jahn Teigen med Kleivakvelden som ramme. Her kan publikum kan venta seg ei sterk og god oppleving. Med kjente og kjære tonar frå ein av dei sterkaste låtkatalogane som er å finne i Norge.

«Svein Sæter leiar  som vanleg diktmønstringa til grunnskuleelevane i Surnadal, i tillegg til å losa oss trygt igjennom Kleivakvelden.»

Så er det alltid knytt stor spenning til kven som får Kleivaprisen. Velkomen! Med forbehold om endringar grunna koronasituasjonen.

Billettar til Kleivakvelden 2021

  1. Lau 29. mai kl 18:00 Kleiva Les meir Få billettar
Vis hele programmet
_
_
_