1

Grease - Ekstraførestilling

6. og 7. trinn ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter har spela musikalen Grease med fullsett sal i Bøfjorden grendahus. No ønskjer vi at fleire skal få sjansen til å sjå den, og set opp ei ekstra førestilling på Surnadal kulturhus 10. april.

Grease er ein romantisk komedie som utspelar seg i U.S.A i 1959. Det er opprinneleg ein Broadway-musikal, men mest kjent er nok filmen frå 1978. Vi følgjer jentegjengen Pink Ladies og  gutegjengen T-birds gjennom eit heilt skuleår på Rydell High. Sandy og Danny som har forelska seg i sommarferien,  treffer kvarandre overraskande igjen, og det er ikkje heilt uproblematisk. Identitet i ungdomsåra er eit sentralt tema som aldri blir uaktuelt. Kom og opplev ei herleg historie med mange flotte songar. Alt er sjølvsagt på engelsk.»

_
_
_