|

I Foajeen 16. september kl. 19.30
Den kanadiske plateartisen Melanie Dekker er her med plata og turneen "Her & Nå".
Syngar og låtskrivar Melanie Dekker slapp eit nytt pop/rock-album tidlegare i år og no lastar ho opp utstyr på bilen for å leggje ut på ein omfattande turne til 50 europeiske konserthus. Denne gongen er det Finland, Tyskland, Norge, Sverige, og Danmark som får besøk.
"Eg elskar å reise og eg lever ut draumen min", seier Dekker. "Sjølv om det er stressande, er det fascinerande å turnere til ein ny plass kvar dag. Eg elskar livet på vegen og eventyret, eg er glad i latter og å møte nye fans. "
Dekker har stått på scena med Bryan Adams, Faith Hill, Chaka Khan og Diana Krall og vann låtskrivarkonkurransar i USA og Kanada.
Dekker ble invitert til å syngje i Afghanistan denne jula, og nokre av songene på det nye albumet hennar «Here & Now» fortel om opplevingande hennar der. Dekker har produsert fire album og har hatt tre hitsinglar på kanadisk radio. «When I think of you", "Blue Blanket" og "I said I" har vore spela mykje på radio i Kanada sidan 2003. Dekker sin rootsmusikk er no også ofte å høyre på europeisk radio.
Melanie Dekker har tidlegare spela på David Kershenbaum (produsent for Tracy Chapman, Joe Jackson, og Duran Duran) sitt album "Revealed", og på gitaristen Jason Nett sitt akustiske album «Acoustic Ride". "Her & Nå" ser ut til å være akkurat det fansen vil ha. Plata er livleg, med eit akustisk element og om du lytter til tekstene, finn du dei særs engasjerande.
"Her og Nå" turneen i Europa er eit intimt og livleg show. Ved sidan av Miss Dekker vil du bli fortrylla over rockepianisten, komponisten og songaren fra "The Living" Mike Bell, og den fantastiske og innovative trommeslagaren Sam Cartwright, som har turnert med Melanie dei siste 5 år.
Velkommen til foajekonsert med sjel 16. september kl. 19.30
Billettar kr. 150,-. Nettbillett
|