|
I 1984 inviterte Nordmøre folkehøgskule Surnadal kommune til eit samarbeid om kulturhus på skulen sin eigedom. Fleire kjem etter kvart til i diskusjonen om eit kulturhus i Surnadal.
I 1986/87 fører Kulturstyret opp kulturhus som eige tiltak på langtidsbudsjettet.
I 1988/89 skisserer ei oppnemd arbeidsgruppe målsetjingar og romprogram for eit framtidig kulturhus. Kommunestyret vedtek reguleringsplan for Skei, der kulturhuset er plassert på område mellom hotellet og meieriet. Kulturstyret ber kommunestyret fatte eit prinsippvedtak om byggjing av kulturhus.
I 1990/91 lager fylkeskulturstyret ei plan for regionale kulturhus. Surnadal får tildelt ein slik status for regionen Rindal/Halsa/Surnadal. Fire millionar kroner i stønad fra staten er dermed sikra. Kommunen byrjar å sette av pengar på økonomiplana.
I perioden 1992-95 held kommunestyret idédugnad om kulturhus. Ei arbeidsgruppe vert oppretta og deira utreiing vert sendt ut på høyring til næringsliv, lag og organisasjonar. Formannskapet velger ei plan- og byggenemnd.
I 1996 slutter kommunestyret seg til forslaget om lokalisering og romprogrammet. Plan- og byggekomitéen vedtek å gjennomføre ein arkitektkonkurranse.
I 1998 vedtek kommunestyre arkitektfirmaet PKAs skisseprosjekt til kulturhus.
I 1999 godkjenner kommunestyret det framlagte forprosjektet for kulturhus i Surnadal med ei kostnadsramme på 31 millioner kroner.
Ved århundreskiftet vert grunnsteinen lagt ned og arbeidet med det nye kulturhuset byrjar våren 2000. Driftsmodell vert valt og kommunestyret vedtek at Surnadal Kulturhus skal drivast av partslaget Surnadal Kulturhus BA, med eige styre og eigen økonomi. Dette betyr at dagleg leiar og styret har alt ansvar og alle fullmaktar mellom generalforsamlingene. Kommunen sitt ansvar er begrensa til faste avtalar om leige og tilskot.
I 2000 vert det tilsett dagleg leiar og driftsteknikar/vaktmeister. Surnadal Kulturhus skal stå innflyttingsklart 1. desember.
Surnadal Kulturhus hadde offisiell opning den 18. januar 2002. Kulturministeren er invitert til seremonien.
I 2008 overtek Vårsøg hotell, den tekniske drifta av huset, Surnadal Kulturhus BA legg ned og Surnadal kommune tilsett ein kulturkonsulent som skal ha ansvaret for kulturen på huset.
|
|
|